|
Ballbinge på Røsok [10.10.09]
Arbeidet har starta og er godt i gong. Her kan du sjå bilete av starten på jobben. Les meir.

Fleire bileter av ballbingen [01.02.09]
Kommunen var på synfaring og tok nokre fine bileter.
Vedtekter for
bygdelaget
Her finn du bygdelaget
sine vedtekter.
Nettside og
E-postadresser [20.11.06]
Røsok bygdelag har no eiga nettside, som de ser, og kan også tilby e-post
adresser til dei som sit i styret. For å få e-post adresse, ta kontakt
ved å klikke på Kontakt- linken til venstre.
Vi vonar at nettsida vert lest og at den kan verte til nytte for mange.
Gatelyktene [20.11.06]
Gatelyktene er på plass. Bygdelaget har også fått lagssong, Det lyser
i stille grender. Stort dugnadsarbeid har vore lagt ned og vi håpar
at alle er nøgde med resultatet. Her er bilete starten på arbeidet.
Lenkjer [16.01.07]
Bla gjerne i den spennandes lenkje-samlinga. Vil spesielt framheve
nettstaden for fyra. Har du tips til lenkjer som burde vore med her,
så send ein e-post.
|
Ballbingen ferdig! [01.02.09]
Ballbingen er no ferdig og markert opning vil verte i mai-juni. Det er best å ha grøne markar og varmt i været når folkefesten kring opninga skal vere. Sjå elles nye bilete her av bingen.

Nye gatelys på Røsok [20.10.08]
Denne gongen er det vegen ned til Røsokvika som skal få lys. Les meir.
Årsmøte
27.05.07 [11.05.07]
Det vert årsmøte i Røsok
Bygdelag på fabrikken i Røsokvika. Møtet startar torsdag 27. mai kl
1900.
Årsmelding 2006 [11.05.07}
Årsmeldinga for 2006 er klar og kan lesast her.
Gjestebok
[18.04.07]
Legg gjerne att ei helsing i gjesteboka vår.
Styret [20.11.06]
Styret har endelg kome på plass. Det vart ikkje mange utskiftingar,
men nokre vart det. Her er
det endlege styret.
Idèar [20.11.06]
Dersom nokon har idèar til sida, layout, bakgrunnar etc. Skriv ein e-post
og sei kva du meinar.
Bileter [07.12.06]
Vi vil gjerne ha fleire bileter frå tidlegare år for
å legge ut på sidene våre.
Dersom nokon har bileter, brenn dei på en cd og gi cd'en til
webansvarleg eller ein i styret.
|